lørdag 11. februar 2012

Når kan ein klage på maten på restaurant?


Bergens Tidende si spalte "Oss i mellom" tek opp ulike dilemmaer.
Vekas dilemma: Når kan ein klage på maten på restaurant?

mandag 21. november 2011

"Min kamp 1-6"


"Min kamp 1-6"
- Tittel inspirert av den meir kjente "Min kamp" ;)

- Lurer på om det er slik ein kan kjenne seg - etter kvart som prosjektet skrid fram - når ein skriv åpent om seg og sine?

Teikninga er med på Tegnerforbundet sin juleutstilling "Åpent hus" som er frå 1. - 22. desember.

tirsdag 15. november 2011

"Vil ikke ut i dag"


"Vil ikke ut i dag" er tittelen på dette arbeidet. Det er laga for Happyart og kan kjøpast i ulike variantar - les meir på Happyart sine sider.

lørdag 2. juli 2011

NBI



Eg er månadens illustratør i juli på NBI - Norsk barnebokinstitutt :) - ta ein titt!

onsdag 25. mai 2011

Marilyn Monroe pute

Marilyn Monroe pute.
"I´m not interested in money.
I just want to be wonderful." (Marilyn Monroe)

tirsdag 24. mai 2011

mandag 23. mai 2011

Pute-prosjekt

- På tide med eit nytt innlegg!

Og nå er det snakk om puter. Eg har eit sitat-prosjekt på gang - som her til dømes eit sitat av Winston Churchill:
"I like pigs.
Dogs look up to us.
Cats look down on us.
Pigs treat us as equals."

Illustrasjonen er overført på stoff ved bruk av silketrykk. Silketrykk er ein super teknikk og veldig kjekk å få friske opp att etter fleire år. - Eg lærte silketrykk på SHKD i Bergen for ganske lenge sia ; )

Kikk gjerne innom butikken for å sjå fleire puter ;-)

torsdag 13. januar 2011

Montering av Vespa-wallstickers!

video
- Slik skal det gjerast! ;)
Happylines finn du Vespaen og mange andre fine wallstickers!

søndag 9. januar 2011

Filmsnutt!

video 
Filmsnutt.
Dette er eit eksperiment. (Igjen) Ole Jørgen var ca to år då stemma hans blei tatt opp på kassett av bestemor, Torhild Moen. Han greide å gjengi nesten heile "Putte i båbærskogen". Her er den søte stemma hans + skogslydar + nokre teikningar

onsdag 5. januar 2011

Glad som ei sild!






Nyåret starta opp med ein kjekk jobb hjå Sildehuset H.J Kyvik i Haugesund. På ein 8 meter lang vegg skal heile produksjonsprosessen visast - fra silda kjem med fiskebåten, og fram til den er fiks ferdig i glas og klar til å etast. Kyvik produserer diverse typar sild, og dei er skikkeleg gode - eg som ikkje var ein typisk ihuga sildeetar er nå omvendt og min favoritt er rømmesild, nam-nam!! ; )) Teikningane er basert på foto + fantasi. Det enklaste når ein skal projisere på vegg er å lage det heile digitalt og så bruke projector for å få plassert illustrasjonane på en fornuftig måte på veggen. Veldig gøy å teikne i stort format!

fredag 17. desember 2010

Rudolf

 
 
 
 
 
 
 
 
 
RUDOLF ER RØD PÅ NESEN

Det er ofte vi synger
om dyr som vi kjenner
om reven og bamsen
og bamsefars venner
Si meg hvem som kan
Rudolf reinsdyr, kjenner du ham?

Rudolf er rød på nesen
og når det er vind og sno
blir han så kald på nesen
så den lyser som en glo

Reinflokken ertet Rudolf
sa han var et snodig dyr
Hold deg på avstand Rudolf
husk på dette kan ta fyr

Men en vakker julekveld
kom nissefar og sa
Rudolf du er rein for to
for din nese lyser jo

Og fra den dagen Rudolf
julenissesleden drar
Rudolf er rød på nesen
viser vei for nissefar
 

torsdag 2. desember 2010

Skogsnytt!

Skogsnytt - nyhetsbulletin for aktuelle dyre-nyheter. Av dyr og for dyr ;) Med ujevne mellomrom dukkar Skogsnytt opp på webben!

onsdag 10. november 2010

Fettsuging

Denne teikninga høyrer og heime i Are Osen´s bok, eg fant den ikkje som lydfil - så då får det bli berre bildet. Då temaet fettsuging skulle illustrerast, prøvde eg å finne info og bakgrunnsstoff på nettet. Men det var lite og ingenting å finne av billedmateriell - så då måtte fri fantasi anvendast ... slik blei det då ;-)

torsdag 14. oktober 2010

Are Osen parodierer sin far































I 2007 fekk eg ei fornøyeleg oppgave - nemlig å lage teikningar til Are Osen´s "Are Osen parodierer sin far". Første parodi på bloggen er: "Stå opp om morran" ;) Fleire illustrasjonar + parodiar følger.
Boka blei gitt ut på NRK Aktivum.


lørdag 11. september 2010
























Øvelse : Streker - penn og blekk på papir.

torsdag 26. august 2010

Akryl på lerret

For eit par år sidan malte eg dette bildet.
Eg er ganske fasinert av det å jobbe med kun flater og "nedstrippa" billedkomposisjonar.  
Bla. er prosjektet å finne ut meire om maleriets formale kvalitetar:
- Kor få flater kan eit bilde bestå av? - Kva er nødvendig - og når blir elementer overflødige? Og kor mykje kan trekkast frå for at maleriet skal ha noke ved seg.
 Målet er at bildene skal speile eit rom kor stillhet og forenkling er nøkkelord.

Mark Rothko er ein stor inspirasjonskilde. Også Barnett Newman.

tirsdag 17. august 2010

"Et barn"

"Et barn" - er miksa saman av eit akrylmaleri + ein retro-aktig bakgrunn. Original-portrettet er ca 60 x 60 cm. Resultatet blei altså slik ; )

mandag 26. juli 2010

"Reisen"


Her er eit nytt eksperiment i serien "Manipulering av gamle kongelege fotografier".
Ryttaren er frå eit foto av Anders Beer Wilse. Bildet viser lille Kronprins Olav til hest. Det opprinnelege bildet er tatt på Kongsgården ser det ut som, men eg ville at dei to skulle ut på tur, så då blei bakgrunnen bytta ut med dette gamle fotoet frå ein eller annan stad i verda. Om det er fra Roma og området "Villa Borghese" er usikkert, men eg syns det likna. Kuvenninne-fotoet er ku nr 0306. (Korfor får dei ikkje navn?) Lykkelegvis har den nå fått eit spennande liv som stolt ryttar på reise!

mandag 12. juli 2010

Belle




Her er Belle! - Nytt eksperiment der ulike element er miksa saman. Eg har testa litt fram og tilbake. Siste variant er litt meir rosa + med striper og runde hjørner.

PS! Belle er nå å finne i butikken.

onsdag 30. juni 2010

Maud





































"Maud"
Nr 2 i serien "Manipulering av gamle kongelege fotografier".
Dette er Dronning Maud i ein ny versjon. Midjen er ikkje manipulert.

"Maud" kan du finne på epla.

Kronprinsen


Kronprinsen
Nr 1 i serien "Manipulering av gamle kongelege fotografier". 
Dette er det første bildet i ein serie der eg undersøkjer korleis ein kan kombinere tegningar med foto. Målet er magi og eventyr! Intet mindre.
Til prosjektet har eg altså valgt gamle, kongelege portretter.

lørdag 26. juni 2010

"Margit"

Denne teikninga er basert på eit foto av meg sjølv frå 1972. Altså et slags sjølvportrett. Frisyren er endra litt på, men skuldrene, det beskjedne smilet og blikket er ganske likt.
Som ein liten dekkmanøver fekk teikninga tittelen "Margit".
Eg har laga tre teikningar i denne stilen. Den eine er "Hakkekylling" som vises under her, den andre har tittelen "Gunnild".

torsdag 24. juni 2010

Hva kan tegnes på?

Spørsmål: Kva kan lagast, og samtidig innehalde ein illustrasjon?
Svar: Øredobber.

Her kan du sjå flere eksempler: Illustrerte øredobber!

onsdag 23. juni 2010

Hakkekylling


Hakkekylling
Her har eg prøvd å snu opp ned på begrepet "hakkekylling". I staden for at hakkekyllingen har den triste rollen det er å bli hakka på - så er han blitt den som hakkar. Med eit lite nebb.
Hakk - hakk!
Hakkekyllingen er å sjå på Tegnerforbundet sin galleributikk frå 23. juni.
Formatet er ca 60 x 60 cm. Kvit djup ramme.

lørdag 19. juni 2010

Lunsjmøte - tenk nytt!


Dette bildet har også sitt utspring frå eit avisoppslag. På lunsjmøtet blei journalisten oppfordra, eller eigentleg formana av redaktøren om å tenkje nytt! Saken var flankert av eit foto der personane på bildet hadde, mener eg, et slikt uttrykk som desse endene.

Dette bildet kan sjåast på veggen. Ta turen til Galleri Rosehagen på Jørpeland - om du er i nærleiken;)

fredag 18. juni 2010

Norges mektigste and


Eg blei inspirert av eit oppslag i avisa. Det var om ei av Norges mektigaste kvinner. Det slo meg at ein rik og mektig gjerne har eit eigt uttrykk! Tida var inne - for Norges mektigaste and!

Dette bildet kan sjåast på veggen. Ta turen til Galleri Rosehagen på Jørpeland - om du er i nærleiken;)